Boreal tid
Utsjånad
Boreal er den første alderen eller sekvensen i holocen. Han var opphavleg basert på studie av danske torvmyrer av Axel Blytt og Rutger Sernander. I torvmyrsediment kan ein kjenne igjen boreal av den særeigne pollensonen. Han kom etter yngre dryas, den siste kuldeperioden i pleistocen og før atlantikum, ein varmare og fuktigare periode enn det noverande klimaet vårt. Boreal var ein overgang mellom dei to periodane, men hadde eit varierande klima som stundom var mykje likt det me har i dag.
Preboreal
[endre | endre wikiteksten]Før boreal tid kom preboreal, som varte frå kring 8300 til 7000 år fvt. Klimaet var fuktig og kjølig i denne perioden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Boreal (period)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2008.